FFFF[dss-hidden]

Mineralforumet er etter sigende det største av OECD sine tematiske forum, og talet på parallellsesjonar og det generell stemmesurret utanfor møtelokale tyde på at dette stemmer. Mineral og metall finn vegen inn i dei fleste områda av samfunnet, i alt frå telefonen i lomma, heimelektronikk, bilar, fly og ferjer, og til stål, sand og betong i store og små infrastrukturprosjekt.

Sand og silikat – verdas nest mest forbrukte naturressurs

Ansvarleg handtering av sand og silikat var hovudtema i ein av plenumsbolkane med bidragsytarar frå akademia, næringsliv, sivilsamfunn og FN. Sand og silikat, både direkte og i vidareforedla form, vert brukt bokstaveleg overalt, og i global samanheng er det berre forbruk av vatn som er større i volum. I diskusjonen peika paneldeltakarane mellom anna på at det globale volumet av bruk av sand og silikat er omtrent 70.000 gonger større enn summen av minerala det vert snakka meir om, som gull, kobolt, lithium, tantalum m.m., og at Mercedes brukar sand og silikat på har sju ulike måtar i produksjonen av ein bil. Det vart vidare peikt på behovet for utvida samarbeid og kollektiv innsats på tvers av sektorar, både vertikalt og horisontalt i verdikjedene, og særleg bygg- og anleggssektoren vart utfordra til å integrera sand og silikat i sine strategiske miljøkonsekvensanalysar.

Smelteverk og raffineri som kritiske kontrollpunkt

I likskap med fleire andre sentrale innsatsfaktorar, som kakao og bomull, har mange viktige mineral ogso ei timeglasforma verdikjede, med eit avgrensa antal smelteverk og raffineri som kontrollerer ein relativ stor del av den globale marknaden. Ein av plenumssesjonane fokuserte på nettopp smelteverk og raffineri som sentrale kontrollpunkt i eit aktsomheitsvurderingsperspektiv, kva truverdig informasjon som kan vera både mogleg og relevant å framskaffa, og i kor stor grad dette vert etterpurt av nedstraumsaktørar. Samarbeid og informasjonsdeling vart ogso her trekt fram som sentrale punkt.

Free Prior Informed Consent

Free Prior Informed Consent (FPIC – ILO konvensjon 169) handlar om urfolks rett til å ha kontroll over sin eigen levemåte og konvensjonen er eksplisitt reflektert i OECD sine retningsliner for ansvarleg næringsliv (kapittel IV). I prinsippet er det rimeleg klart kva det handlar om, men i praksis vanskelegare å operasjonalisera. I ein parallellsesjon understreka urfolksrepresentantar frå mellom anna Cultural Survival og SIRGE Coalition viktigheita av FPIC som ein kollektiv rett, at både «Free», «Prior» og «Informed» krev gjennomtenkt operasjonalisering, og at «Consent» ikkje er det same som konsultasjon. Det vart ogso lagt vekt på at FPIC er ein prosess som må gjennomførast på ny dersom det kjem fram relevant informasjon som ikkje var tilgjengeleg tidlegare. I saker der eit selskap går inn i eit prosjekt etter at det er sett i gong, vart det peikt på at selskapet då vil måtta syna til kva tiltak dei har sett i verk som støttar opp under intensjonen i FPIC.