Individuell klage vs Crayon Group Holding ASA
Klage frå tidlegare tilsett om manglande etterleving av OECD sine retningsliner om diskriminering og trakassering på arbeidsplassen ved eit dotterselskap i Malaysia.
Klagar hevdar at Crayon Group Holding ASA ikkje har handla i tråd OECD sine retningsliner for fleirnasjonale selskap om ansvarleg næringsliv når det gjeld diskriminering og trakassering på arbeidsplassen, vern mot represalia for varslarar, rettferdig handsaming og sørga for eller bidra til oppreising hjå eit dotterselskap i Malaysia.
Klagen knyter seg til fleire av kapitla i i OECDs retningslinjer. (Sjå tabell nedanfor.)
Kontaktpunktet har avgjort å avvisa klagen. I denne vurderinga har Kontaktpunktet ikkje teke stilling til om selskapet har følgt retningslinene.
Motteken: | 1. januar 2025 |
Status: | Saka er ferdig handsama |
Sektor: | IKT |
Bedrift: | Crayon Group Holding ASA |
Klagar: | Individuell |
Leiande kontaktpunkt: | Norge |
Andre berørte kontaktpunkt: | |
Relevante kapittel i retningslinene: | Kapittel II Overordna retningsliner
Kapittel IV Menneskerettar Kapittel V: Sysselsetjing og tilhøvet mellom partane i arbeidslivet |