(Sjå nedanfor for fullstendig versjon i PDF på engelsk og spansk.)

I den pågåande enkeltsaka mellom Mapuche-Williche og Statkraft har klagarane bede det norske kontakpunktet gripe inn mot det dei omtalar som kriminalisering i konflikten med Statkraft. Dei meiner selskapet misbrukar chilensk straffelov for å trakassere Machi Millaray Huichalaf, familien hennar og medlemmar av Aylla Rewe, og oppmodar Kontaktpunktet NCP om å legga til rette for mekling under gode og trygge rammer.

Kontaktpunkta i Noreg og Chile har hatt dialog med begge partar for å klargjere situasjonen. Statkraft opplyser at dei har meldt nokre hendingar til politiet, men ikkje retta skuldingar mot enkeltpersonar eller drive gjengjelding.

Kontaktpunkta minner partane om OECD sine retningslinr for ansvarleg næringsliv, som krev at selskap unngår og førebygg represaliar. Dei understrekar at personar og lokalsamfunn skal vernast mot represaliar. Statkraft har stadfesta sitt engasjement for desse prinsippa og for å respektere menneskerettsforkjemparar.

Kontaktpunkta ventar at begge partar handlar i god tru – utan feilframstillingar, truslar eller represaliar – og deltek oppriktig for å finne løysingar i tråd med retningslinene.

Til både Statkraft og klagarane understrekar kontaktpunkta at vern mot represaliar er avgjerande, særleg for menneskerettsforkjemparar, at konfliktar bør løysast på fredeleg vis og at offentlege utsegner som ikkje fremjar konstruktiv dialog bør leggjast bort.

Kontaktpunkta held fast ved å ta dei stega som er nødvendige innanfor våre rammer for å møte risiko for represaliar, dersom slike tilfelle blir oppdaga undervegs i prosessen eller i samband med mekling mellom partane.

***

For nedlasting:

Joint statement by NCP Norway and NCP Chile

Declaración conjunta del PNC de Noruega y el PNC de Chile