Ola DN

De siste ukene har det vært flere debattinnlegg og kommentarer i Dagens Næringsliv (DN) rundt «profitt og samfunnsansvar». Kontaktpunktets leder, Ola Mestad, har fredag 6.mai innlegg i DN der han presenterer OECDs retningslinjer – den rådende internasjonale standarden for ansvarlig næringsliv/samfunnsansvar.

Se her for oversikt over de siste ukenes debattinnlegg i DN om temaet.

 

Ola Mestads innlegg i Dagens Næringsliv 6. mai:

SAMFUNNSANSVAR OG PROFITT –  KVA ER DET BESTE FOR SAMFUNNET?

I DN 28. april kommenterer Bård Bjerkholt debatten som har gått dei siste vekene om profittomsyn i næringslivet: Undergrev eller overstyrer det bedrifters samfunnsansvar? Bjerkholt stiller det sentrale spørsmålet: «Men hvem skal definere hva som er det beste for samfunnet?» Noko endeleg svar gir han ikkje. Men dette spørsmålet har OECD-landa, deriblant Noreg, samla svart på. Gjennom 40 år har dei vestlege kapitalistiske landa utvikla svaret gjennom OECDs retningslinjer for flernasjonale selskaper (OECD Guidelines for Multinational Enterprises).

Retningslinjene uttrykkjer forventningar til næringsliv basert i OECD-medlemslanda og i 10 andre tilslutta land. Forventningane omfattar alle viktige område for eit multinasjonalt konsern: korrupsjon og miljøøydelegging, menneskerettar og skatt, forbrukarinteresser og innsyn er dei viktigaste. På alle desse områda blir det stilt krav. Sjølv om krava ikkje utan særleg lovregulering er bindande som rettsreglar, uttrykkjer dei nettopp kva for samfunnsansvar dei sentrale marknadsøkonomiske landa meiner at selskap har.

Retningslinjene med offisielle kommentarar utgjer eit hefte på ca. 90 sider. Alle OECD-land har plikt til å uttrykkje desse forventningane overfor sitt eige næringsliv, både privat og statseigd. Dette gjer då òg den norske regjeringa.

Eit sentralt nyutvikla grep i retningslinjene er kravet til at bedrifter skal identifisere, vurdere og hindre eller avbøte risiko for uheldige og farlege konsekvensar av verksemda både før ny aktivitet  blir starta og løpande. Det er såkalte due diligence-gjennomgangar, på norsk aktsomhetsvurderingar. Dei gjeld både for korrupsjon, menneskerettsfeltet og miljø.

Å ha og gjere bruk av slike styringssystem vil svært ofte kunne hindre at eit selskap ikkje oppfyller sitt samfunnsansvar. Og om noko har gått gale, vil ein iallfall rette det opp i ettertid.

I den vestlege verda har tankegangen om bedrifters samfunnsansvar utvikla seg gjennomgripande frå 1976 då OECD-retningslinjene blei vedtatt første gong og til i dag. Uhyre viktig er at ein no krev at selskap tar ansvar for heile si verdikjede, ikkje berre for aktivitet i eigen regi. Eit anna trekk er at internasjonal korrupsjon, som i 1976 stort sett blei oppfatta som lovleg frå selskapsheimlandet, no er blitt straffbart i dei fleste land pga. traktatsamarbeid, m.a. gjennom OECD.

Eit ledd i OECDs arbeid er òg at kvar medlemsstat og dei andre tilslutta statane skal opprette eit nasjonalt kontaktpunkt dit den som meiner at retningslinjene er blitt krenka, kan vende seg, for å sikre lik gjennomføring av samfunnsansvaret på tvers av landegrensene.

Ola Mestad

Professor dr. juris

Leiar av Noregs OECD-kontaktpunkt